fredag 28. mars 2014

Tur i finveret

Åh, i dag har eg allereie masse å fortelje om, og klokka er ikkje tre eingong! Sånn er det å ha eit spennande liv som mitt. I dag var eg og mamma på tur rundt Lianvatnet nesten heilt frå morgonen av. Mamma sa at det var så fint ver at ho skulle droppe å sitje inne å jobbe, og heller gå på langtur med meg! :D Det er det BESTE eg veit når ho gjer sånn!! :D <3 Her er eit bilete av meg frå turen i dag. Kva synest du om dagens outfit? Hehe, neida, kødda, eg hadde på sele (og vanlegvis har eg jo berre halsband), men det ser ein ikkje på biletet...


Men så til noko som er eit problem når snøen smeltar og eg er på tur.....
Som du kanskje ser, har eg FULLT av granbar i rompehåra!!! Har du nokre gode tips til korleis eg skal unngå dette? Kva gjer du når du får granbar i rompehåra?

Då me kom heim var eg full av gjørme, så eg skjønte vel kva som venta meg... Men eg prøver å unngå det kvar gong. Eg HATAR å dusje!! Det er så forferdeleg å verte blaut! Og eg ser veldig annleis ut når eg er blaut. Kva synest du om sveisen min på bileta under? 


Ha ein tipptopp fredag, kjære blogglesarar! <3

Tussa <3

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar