onsdag 2. april 2014

Ny leikekompis!

Folkeeeeens! I dag fekk eg ny leikekompis! Eg kallar ho Moffsi. Det var godt å få nokon andre å leike med, for eg er litt lei av han Roy no (har eg ikkje snakka om han før på bloggen? Eg får skrive eit innleg snart. Han er jo trass alt kjærasten min (ein av dei....). Eller, it's complicated akkurat no, da). Det som er artig med Moffsi er at ho ikkje er Roy. Det som er kjedeleg med Moffsi er at ho er VELDIG stille....! Og at når ho først rører på seg så knusar ho i tusen knas og flyg til alle kantar. Men eg skal ikkje klage, altså :-) 

For den som ikkje skjønte det, så har ho mamma LEIKA frisør med meg i dag. Eg er faktisk rimeleg molefonken. Ho sa det var til mitt eige beste, fordi eg klagar sånn over granbar i rompehåra heile tida, og fordi eg tar med halve Bymarka heim kvar gong me er på tur, og fordi halen hang seg fast i låra i dag grunna ein kvist som satte seg fast...... Men LÆLL!! Eg føler meg skamklipt. Skal leggje meg å sture no. 

So long, Moffsi <3  


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar