fredag 30. mai 2014

Photoshoot - biletedryss

Hei kjære blogglesarar!
No har det vore ei stund sidan siste innlegg, men eg har vore så travel.. Mamma har vore ute og reist, så det har eg òg. Først var eg på kennel Tveitz, så var eg hjå bestemor og så hjå oldemor. Jetsetliv!
Og i dag har eg og mamma vore i fotostudio for ein aldri så liten photoshoot <3 Kva me gjorde der får du sjå seinare... Stay tuned!

Xoxo

tirsdag 13. mai 2014

Søskentreff

I dag har eg vore og møtt søskena mine. Alle kallar oss B-gjengen. Det er visst fordi me er B-kullet til oppdrettaren vår (Kennel Shagana). Eg har eigentleg fire søsken, men i dag var me tre som møttest; meg, Bianca og Milo. Me kjende att kvarandre med ein gong, sjølv om me ikkje har sett kvarandre sidan me låg og kava i kvalpekassa.

Det som var artig var at me hadde dei same interessene og og hobbyane! Alle me elskar å hoppe etter snøfnugg, regndropar og insekt, og å fange lauv som bles i vinden. Dei andre er også kjempeglade i vatn, nett som meg. I tillegg elskar me alle å dra i bandet på tur, puste og pese og lage artige lydar. Men det er visst berre eg som har som hobby å freiste å hoppe framføre bilar....

Her er nokre bilete av oss søskena. PS: Ingen av oss var så interesserte i å vere med på bilete... ;-)

mandag 5. mai 2014

Primustur


I dag var det så sjukt fint ver ute (og det har vore vinter den siste veka, og ja, eg veit, det er mai! Sjølv ein hund vert oppteken av veret når det er sånt tull!), så eg tok med meg primusen min ut på tur. Her tar eg på mystisk vis ein sjølvis medan eg ventar på at kaffen skal koke. Det var mange artige ender ute i vatnet som eg prøvde å fange, og elles kosa eg meg med å bade (måtte jo kaste meg på trenden eg òg, sjølv om eg ikkje offisielt har vorte utfordra da... Eg gjer det berre for lolz :)).