torsdag 20. februar 2014

Throwback Thursday

Eg gløymde oppskriftsonsdag i går, men i dag er det i alle fall throwback thursday. Dagens throwback vert ein historie. For eit par veker sidan, vekte mamma meg grytidleg. Klokka sju eller rundt der! Omg, eg hatar å stå opp tidleg! Eg orkar liksom ikkje å gå tissetur så tidleg. Men uansett, sånn i åttetida var det ingen bønn og eg måtte ut på morgontur. Mamma var så sjukt stressa og plapra eit eller anna om språkdag og postersession og at ho måtte rekke ein buss.

Det som er så artig når ho er så stressa, er å bruke gooooood tid på å finne ein passande bæsjestad. Vanlegvis drit eg liksom ti meter oppafor huset, men denne morgonen ville eg irritere ho litt ekstra ettersom ho vekte meg så tidleg, så me gjekk heile morgonturen utan at eg bæsja! Hahaha. Eg veit jo at ho ikkje kjem til å gå inn at før eg har gjort frå meg, så ho byrja å be meg pent om å finne ein plass å bæsje. Tussa, pliiiiis da. Seriøst, kan itj du bæsj snart? Så eg sniffa rundt, lengje og vel. Så prøvde ho å kjefte litt på meg, og berre Døh, no MÅ du bæsj ass, viss itj går vi inn læll! Æ MÅ gå te bussn no liksom!! Men eg veit jo framleis at det ikkje er sant at ho ville gått inn før eg hadde bæsja. Til slutt var eg snill og gjorde frå meg då, men mamma var så sjukt stressa og sprang inn og ut av døra fordi ho gløymde ting kvar gong ho gjekk. Då ho kom heim seinare sa ho at ho måtte springe heile vegen til bussen og var dritsliten då ho kom fram! YES! Den klarte eg fint, synst du ikkje? ;)

Yep, dette er meg når eg er rampete og nektar å gjere som morra mi seier.

Gjemmekontor

I dag skulle me ha gjemmekontor her i Hiet. For å vere ærleg, synst eg det likna meir på utekontor, for me gøymde oss ikkje i det heile tatt nesten. Me gjekk ut rett etter frukost! Eller, ja, me gøymde oss for somme av dei tispene me møtte på turen, for mamma seier at ho vert så flau når eg bjeffer på dei og glefsar etter dei. Aner ikkje kvifor.

Anyways var det sjukt digg å løpe rundt i sola! Omg. Berre eg og kråkene i ein nydeleg flow. Øyra mine flagra bakover då eg jakta på dei. Det måtte ha sett nydeleg ut. Eg gadd forresten ikkje å jage dei så lengje, og eg vil berre seie at dette har ingenting å gjere med at kråkene flyg både høgt og fort, det var fordi eg ikkje gadd. 

Ha ein fin torsdag. Koz

torsdag 6. februar 2014

Throwback thursday

Haha, eg fann faktisk eit ganske artig bilete til dagens throwback thursday! Då eg var lita, dreiv eg og mamma og leikte ein leik som heiter agility. Det gjekk ut på at mamma dytta meg inni denne tunnelen, så sprang ho på andre sida og leika klovn der. Eg veit ikkje heilt kva ho eigentleg meinte, men som oftast la eg meg berre ned og tygde på denne lappen i enden (han var god, smakte litt betre enn tørrforet.... ^^), elles berre la eg meg og sov. Når eg låg her fekk eg nemleg fred frå søskenbarnet mitt (som var eitt og eit halvt år eller noko då). (PS: eg fekk fred heilt til ho kom og rulla heile tunnelen bortgjennom så eg spøy til slutt).

Her ligg eg og chiller mens mamma prøver å leike
Prøver å gøyme meg unna for å tygge på eit bein, men der kom søskenbarnet snikande, gitt... 



lørdag 1. februar 2014

Isdronninga

I dag har eg og ho eg bur med vore på skeiser. Det var sjukt artig - NOT! Eg har ikkje fått meg skeiser enno jo! Har vore på alle skobutikkane og sportsbutikkane i heile byen, men ikkje funne noko i mi storleik :( Sjukt irrit. Veit du kor eg kan få tak i skeiser som passar meg? Sei i frå!! (Ps: eg treng sjølvsagt fire og ikkje to).

Ho eg bur med sa dette var første gongen ho var på skeiseisen på ti år, og det såg sånn ut òg... Lol. Ho dreiv og tok noko som heiter pinsett heile tida, men det såg ikkje ut som noko pinsett, berre som ho heldt på å tryne. Hah.