fredag 28. mars 2014

Tur i finveret

Åh, i dag har eg allereie masse å fortelje om, og klokka er ikkje tre eingong! Sånn er det å ha eit spennande liv som mitt. I dag var eg og mamma på tur rundt Lianvatnet nesten heilt frå morgonen av. Mamma sa at det var så fint ver at ho skulle droppe å sitje inne å jobbe, og heller gå på langtur med meg! :D Det er det BESTE eg veit når ho gjer sånn!! :D <3 Her er eit bilete av meg frå turen i dag. Kva synest du om dagens outfit? Hehe, neida, kødda, eg hadde på sele (og vanlegvis har eg jo berre halsband), men det ser ein ikkje på biletet...


Men så til noko som er eit problem når snøen smeltar og eg er på tur.....
Som du kanskje ser, har eg FULLT av granbar i rompehåra!!! Har du nokre gode tips til korleis eg skal unngå dette? Kva gjer du når du får granbar i rompehåra?

Då me kom heim var eg full av gjørme, så eg skjønte vel kva som venta meg... Men eg prøver å unngå det kvar gong. Eg HATAR å dusje!! Det er så forferdeleg å verte blaut! Og eg ser veldig annleis ut når eg er blaut. Kva synest du om sveisen min på bileta under? 


Ha ein tipptopp fredag, kjære blogglesarar! <3

Tussa <3

torsdag 27. mars 2014

Kast att-torsdag

I dag er det kast att-torsdag igjen! Det er alltid ei fin blanding av pinleg og artig å syne dykk blogglesarar gamle bilete. I dag har eg valt ut eit bilete der eg tar meg veldig godt ut, medan mamma ikkje gjer det. Knis!

De skjønner, i mine yngre dagar var eg tidvis modell. Me var eit par gongar på sånn hundeutstilling, og då handla det om å gå pent og vere søt. Sistnemnde er eg i alle fall! Problemet var berre at eg skjønte kva mamma ville (ho ville at eg skulle gå ved sidan av foten hennar), og eg hadde tenkt å gjere det (for ho hadde SJUKT gode godbitar med seg, til og med pølse og leverpostei!), men så lukta det såååååå godt overalt. Det var jo masse hundar som hadde tissa og skvetta og satt att lukt på banen, så eg klarte berre ikkje å følgje med. Ein gong måtte mamma løfte meg og bere meg vidare, det var litt flaut faktisk...

I det minste syntest han dei kallar Dommaren eg var søt, for då eg sto på bordet og han skulle sjå på meg, hoppa eg opp og sleika han i andletet. #YOLO!



onsdag 26. mars 2014

Den store plasterjakta

Altså, eg skjønner ikkje kva greia er liksom, men berre fordi eg hadde rota gjennom ein plasterpakke og opna fleire av plastera, byrja ho mamma å styre og ho tok bilete og flira og sånn. Men greia var jo berre at eg var heime aleine, såg at eg hadde eit lite sår (les: ville eigentleg berre ha på plaster fordi det er kult, og syntest eg hadde liiiitt vondt i den eine tåballen), og så ville eg sjå om eg fann noko med Doge eller Cesar Milan på. (Eventuelt Hello Kitty, men det er litt rart å ha ei katt på tåballen òg...). Eg måtte jo opne alle plastera for å sjå, da. Men alle var berre sånne kjedelege brune (forresten smaker plasterlim ganske godt).

Humor

Ja, som tittelen seier så har hu mor laga dette artige biletet av meg. Litt slemt å ta bilete medan eg sov (eg sov oppned, derfor er auga opne...), men det får gå når resultatet vart så artig.

mandag 10. mars 2014

Vaffel og fangkos

Hei bloggen!

I går var eg på spelkveld. Som du ser av biletet, var det litt slitsamt! Dei andre ville absolutt spele Bezzerwizzer, men eg synest det er så kjedeleg (vanskeleg....). Eg synest spel som Bjefflias og Hundo er det artigaste, til naud eit som heiter bæsjespelet. Uansett, det som var best med kvelden var alle dei tobeinte eg klarte å lure til å gi meg vaffel frå bordet, og at eg fekk sitje på fanget deira. Det beste eg veit <3

Kva spel liker du best?

tirsdag 4. mars 2014

Terrific Tuesday

I det siste har ho der mamma vore på jobb HEILE tida, og me må stå opp sjukt tidleg om morgonen. Når ho kjem og sei frå at det er morgon, spring eg og gøymer meg under dyna så eg skal sleppe å gå tur, men ho finn meg alltid uansett :( Etter me har vore ute å tissa, ligg eg framføre varmepumpa og furtar og er morgontrøytt. (Ja, eg er gretten om morgonen).
ZzzzzzZZzzzzZZzzZZzzz


Men i dag etter jobb, hadde me det artig. Me gjekk til ein stad der eg slepp å gå i band, og det er det beste eg veit. Spesielt på sånne dagar som i dag, når det er masse vind og masse lauv som bles som eg kan fange! Det som ikkje er så artig er når mamma kastar sånne svære pinnar til meg som du ser på biletet under. Eg prøver og prøver men eg får aldri til å løfte han uansett. Omg. 


Meg som er fin i sola i dag