onsdag 30. juli 2014

Havfruesøstrene

Eg har hatt besøk av søstra mi, Bianca. Ho er eigentleg ganske lik meg (ho er òg glad i å riste seg, nyse og springe att og fram når folk står opp om morgonen, til dømes), men litt ulik (ho har mykje meir energi enn meg, og er ikkje like glad i å bjeffe som eg er).

Uansett, det var ganske stas å ha ho på besøk, fordi det var så mykje å gjere heile tida. Altså, eg brydde meg ikkje så mykje om å leike med ho, men det var jo så fint å ha nokon som såg på meg når eg jakta fluger og sånt :D

Eg hadde lært meg å svømme då Bianca kom til oss, og ho kunne det ikkje då. Ho sto berre på land og bjeffa på meg. Hoho, gjett om eg digga det ;) Men etter kvart byrja ho å svømme etter meg da, det var litt artig det òg, må eg innrømme... Begge me elskar vatn så mykje at me måtte lage ein film av det. Enjoy! (Og håpar alle har ein fin sommar).