lørdag 7. juni 2014

I farta!


Hey!
Slik ser eg ut når eg er i farta. Eg diggar det når mamma tar meg med til denne plassen (men som med ein god fiskeplass har eg ikkje tenkt å seie kor det er ;)), for då kan eg springe alt eg orkar, bade, jakte på fluar og eg møter mange av kjærastane mine her (Leo og Mio, m.a.).

Uanz, ville berre poppe innom og ønskje dykk ei god helg <3

/Tussis

fredag 30. mai 2014

Photoshoot - biletedryss

Hei kjære blogglesarar!
No har det vore ei stund sidan siste innlegg, men eg har vore så travel.. Mamma har vore ute og reist, så det har eg òg. Først var eg på kennel Tveitz, så var eg hjå bestemor og så hjå oldemor. Jetsetliv!
Og i dag har eg og mamma vore i fotostudio for ein aldri så liten photoshoot <3 Kva me gjorde der får du sjå seinare... Stay tuned!

Xoxo

tirsdag 13. mai 2014

Søskentreff

I dag har eg vore og møtt søskena mine. Alle kallar oss B-gjengen. Det er visst fordi me er B-kullet til oppdrettaren vår (Kennel Shagana). Eg har eigentleg fire søsken, men i dag var me tre som møttest; meg, Bianca og Milo. Me kjende att kvarandre med ein gong, sjølv om me ikkje har sett kvarandre sidan me låg og kava i kvalpekassa.

Det som var artig var at me hadde dei same interessene og og hobbyane! Alle me elskar å hoppe etter snøfnugg, regndropar og insekt, og å fange lauv som bles i vinden. Dei andre er også kjempeglade i vatn, nett som meg. I tillegg elskar me alle å dra i bandet på tur, puste og pese og lage artige lydar. Men det er visst berre eg som har som hobby å freiste å hoppe framføre bilar....

Her er nokre bilete av oss søskena. PS: Ingen av oss var så interesserte i å vere med på bilete... ;-)

mandag 5. mai 2014

Primustur


I dag var det så sjukt fint ver ute (og det har vore vinter den siste veka, og ja, eg veit, det er mai! Sjølv ein hund vert oppteken av veret når det er sånt tull!), så eg tok med meg primusen min ut på tur. Her tar eg på mystisk vis ein sjølvis medan eg ventar på at kaffen skal koke. Det var mange artige ender ute i vatnet som eg prøvde å fange, og elles kosa eg meg med å bade (måtte jo kaste meg på trenden eg òg, sjølv om eg ikkje offisielt har vorte utfordra da... Eg gjer det berre for lolz :)).

mandag 7. april 2014

Trailer til Tussa: eit hundeliv

video
Eg og mamma har laga film i helga <3

Ps: det er kanskje best om du ikkje trykkar på fullskjerm, for då vert oppløysinga så dårleg. (Som du skjønner har eg lært mykje om sånne tekniske ting i helga) 

onsdag 2. april 2014

Ny leikekompis!

Folkeeeeens! I dag fekk eg ny leikekompis! Eg kallar ho Moffsi. Det var godt å få nokon andre å leike med, for eg er litt lei av han Roy no (har eg ikkje snakka om han før på bloggen? Eg får skrive eit innleg snart. Han er jo trass alt kjærasten min (ein av dei....). Eller, it's complicated akkurat no, da). Det som er artig med Moffsi er at ho ikkje er Roy. Det som er kjedeleg med Moffsi er at ho er VELDIG stille....! Og at når ho først rører på seg så knusar ho i tusen knas og flyg til alle kantar. Men eg skal ikkje klage, altså :-) 

For den som ikkje skjønte det, så har ho mamma LEIKA frisør med meg i dag. Eg er faktisk rimeleg molefonken. Ho sa det var til mitt eige beste, fordi eg klagar sånn over granbar i rompehåra heile tida, og fordi eg tar med halve Bymarka heim kvar gong me er på tur, og fordi halen hang seg fast i låra i dag grunna ein kvist som satte seg fast...... Men LÆLL!! Eg føler meg skamklipt. Skal leggje meg å sture no. 

So long, Moffsi <3  


fredag 28. mars 2014

Tur i finveret

Åh, i dag har eg allereie masse å fortelje om, og klokka er ikkje tre eingong! Sånn er det å ha eit spennande liv som mitt. I dag var eg og mamma på tur rundt Lianvatnet nesten heilt frå morgonen av. Mamma sa at det var så fint ver at ho skulle droppe å sitje inne å jobbe, og heller gå på langtur med meg! :D Det er det BESTE eg veit når ho gjer sånn!! :D <3 Her er eit bilete av meg frå turen i dag. Kva synest du om dagens outfit? Hehe, neida, kødda, eg hadde på sele (og vanlegvis har eg jo berre halsband), men det ser ein ikkje på biletet...


Men så til noko som er eit problem når snøen smeltar og eg er på tur.....
Som du kanskje ser, har eg FULLT av granbar i rompehåra!!! Har du nokre gode tips til korleis eg skal unngå dette? Kva gjer du når du får granbar i rompehåra?

Då me kom heim var eg full av gjørme, så eg skjønte vel kva som venta meg... Men eg prøver å unngå det kvar gong. Eg HATAR å dusje!! Det er så forferdeleg å verte blaut! Og eg ser veldig annleis ut når eg er blaut. Kva synest du om sveisen min på bileta under? 


Ha ein tipptopp fredag, kjære blogglesarar! <3

Tussa <3