fredag 31. januar 2014

Vaskedag...



Eg HATAR å bade! Eg hatar òg å verte børsta, pelsstelt og verte klipt klør på.
Her kan du sjå kva eg må gjere kvar gong eg har bada og er blaut.

Dagens outfit

Ok, sidan eg klaga i førre innlegg over kleda mine: Her kjem eit bilete av dagens outfit. Matmor seier at det skal vere praktisk framføre fint, og det kan eg helse og seie at det er.... Kva skjer med den derre smileyrefleksen på jakka liksom?! Omg. Og så sko som eg hatar å gå med. Eg har fått høyre at ganglaget mitt er sånn Ministry of silly walks når eg har på dei skoa, men eg aner ikkje kva det skal tyde.

Kva er ditt dagens outfit?

Sy om

Eg og ho eg bur med har shoppestopp for tida. Med andre ord kan me ikkje kjøpe noko nytt på heile året... Blæh. Er litt lei av dei kleda eg har fra før ass, har berre to par sko og begge er røde lizm. Men uansett, eg har lese boka Sy om av Jenny Skavlan, og lånt symaskin av matmor, så i går hadde eg sykveld og sydde om eit par av jakkene mine. Resultatet kjem på bloggen når dei er ferdige.


torsdag 30. januar 2014

Seriøst, det står så mykje drit i avisa. Har heldigvis ny, stilig kaffekopp (IKEA) som gjer morgonen litt betre. Eigentleg er det berre teikneseriane som er verdt å lese (eg likar Pusur best, han ser så morosam ut å leike med!), grrrvoff. Og så er det sjukt artig å sjå på matmor når ho les den sida som heiter lesarinnlegg, for ho vert så fort sur av den sida. Hahalol. Det som òg er artig om morgonen er at eg veit at matmor vil at eg skal tisse fort når ho berre skal ut og hente avisa, så just for the lolz plar eg å sniffe rundt i ti minutt først liksom. Viss eg klarer å halde meg då, det er ikkje alltid så lett.

Anywayz, ha ein fin dag, hald deg unna avisa! Det er mykje betre å sniffe litt rundt, det er mykje nyhende i gamalt tiss, som mor mi sa.
Eg trur biletet snakkar for seg sjølv... Men uanz, eg kjeda meg, eg har ein stoooor godbitboks ved sidan av senga mi (med lokk på), eg gjorde innbrot i boksen. Nam!

Throwback thursday

Ok, eg skal vise dykk noko som er litt flaut... Sidan det er throwback thursday i dag, fann eg nokre gamle bilete av meg sjølv... Ikkje døm, eg var kanskje berre ni veker her altså! Eg dreiv heile tida med å ta smokker frå søskenbarnet mitt, fordi det var så morosamt at alle ville springe etter meg då eg gjorde det! Haha, lolz. Eg leiker ikkje med smokker lenger, altså, berre så det er klart (er jo faktisk 2 år og 2 månader no).


 

Just chillin'


Halla peeps!
Eg stikk berre innom bloggen for å syne dykk kva eg gjer i dag. Klassisk torsdag. Matmor er borte, eg har huset for meg sjølv, kva er vel betre enn å berre chillaxe med gode vener då? (f.v.: Runar, Ragnar og Roy). Sweet. Må litt tisse då, så eg gler meg litt til ho som bur her kjem heim att.