tirsdag 13. mai 2014

Søskentreff

I dag har eg vore og møtt søskena mine. Alle kallar oss B-gjengen. Det er visst fordi me er B-kullet til oppdrettaren vår (Kennel Shagana). Eg har eigentleg fire søsken, men i dag var me tre som møttest; meg, Bianca og Milo. Me kjende att kvarandre med ein gong, sjølv om me ikkje har sett kvarandre sidan me låg og kava i kvalpekassa.

Det som var artig var at me hadde dei same interessene og og hobbyane! Alle me elskar å hoppe etter snøfnugg, regndropar og insekt, og å fange lauv som bles i vinden. Dei andre er også kjempeglade i vatn, nett som meg. I tillegg elskar me alle å dra i bandet på tur, puste og pese og lage artige lydar. Men det er visst berre eg som har som hobby å freiste å hoppe framføre bilar....

Her er nokre bilete av oss søskena. PS: Ingen av oss var så interesserte i å vere med på bilete... ;-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar