tirsdag 4. november 2014

Bjeff-ball


På søndag hadde ho mamma vore på ein stor hundebutikk, og då hadde ho kjøpt med masse stas til meg! Eg fekk meg nytt halsband (rosa med raude hjarte), økologiske frukostkjeks, tannpussegodbitar, og ein TREAT BALL! Eg aner ikkje kva treat ball tyder, men det funkar sånn at ho mamma legg noko godt inni han, og så må eg få det ut. Så langt har eg ikkje funne ut korleis eg skal få godteriet ut gjennom det lille holet i ballen, men eg har prøvd i heile dag å bjeffe på det for å sjå om det kan lurast ut med høgt volum!

Eg føler meg ganske hes no, eigentleg, og ho mamma har sagt at viss eg ikkje sluttar å bjeffe så får eg ikkje leike meir med ballen?! Men eg skjønner ikkje korleis godbitane skal kome ut då. Har du tips til korleis eg skal få lokka ut godbitane, legg det gjerne att i kommentarfeltet!

Tussa <3

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar