tirsdag 28. oktober 2014

Kast-att-tysdag - Harlem Shake



Hugsar de, godtfolk, då Harlem Shake herja verda? Alle laga sin eigen video av at dei først berre dansa, og så vart dei heilt galne mot slutten... Vel, heime hjå meg var me ikkje dårlegare enn at me kasta oss på trenden altså. Eg har berre gløymd å dele filmen med dykk før no, så no kan de kose dykk på ein heilt vanleg tysdag med meg som dansar Harlem Shake!





PS: Eg fekk aldri sidan stå på bordet, eg skjønte aldri kvifor... Prøvde meg kvar dag men mamma sa at det berre var når me filma Harlem Shake at eg fekk det! Omg.

søndag 19. oktober 2014

Livet i storbyen

Her øver eg i det store flyburet mitt før flyturen.
Hei kjære blogglesarar <3

Eg må berre beklage på det sterkaste at eg ikkje har oppdatert bloggen på så lengje, men eg har flytta til utlandet, og her har det vore så mykje nytt å sniffe og snuse på at eg rett og slett ikkje har hatt tid til å tenkje på blogg! Sorry macs.

Tenkte berre eg skulle dele litt info om den nye kvardagen min i Skottland! Først og framst - for å kome oss hit var det eit underleg styr. Først måtte eg sitje i buret mitt (det store på biletet) i bilen ei heil NATT, medan mamma og Magnuss drakk kaffe og sang heile vegen til Oslo. OMG, eg prøvde liksom å seie frå til dei om dei kunne ti stille, men dei trudde eg måtte tisse - kvar gong! Eg EEEER så lei av Myk Landing med OnklP i mamma-og-magnuss-versjon!

Uanz, me kom fram til Oslo, og der vart eg rett og slett overlatt til meg sjølv. Eller, hjå ei dame. Men mamma vart ikkje med meg! Me skulle visst ta same fly, så eg aner ikkje kvifor eg måtte vere aleine. Anyways, det var faktisk ikkje så veldig kult ass... Å berre vere aleine i buret. Heldigvis traff eg på nokre snille folk som gav meg dentastix som mamma hadde lagt i lokket på toppen av buret. Så tok me fly. Det var... tja, for  å seie det beint fram, skummelt! Eg var seriøst så happy då eg endeleg fekk kome ut. Men enno då fekk eg ikkje treffe mamma, for eg måtte verte undersøkt av nokre folk på Heathrow Animal Reception Centre i London. Så ALL tida mi i London brukte eg på eit undersøkelsesrom. Needless to say - eg var både sur og snurt då eg traff mamma att, så ho fekk ikkje noko kos.

Etter det dro me i alle fall inn til byen litt, og eg fekk sniffa rundt på King's Cross! Yay! Ikkje alle eg kjenner heimefrå som har vore på King's Cross, ass ;) Eg trudde kanskje me var framme snart.... Men me måtte ta toget i FEM timar til Skottland! Og det var fredag kveld og masse drita fulle folk.. . Wow. Eg sov heile turen, for eg var så trøytt etter å ha høyrt på OnklP heile natta i bilen.
Her er eg med nyinnkjøpt almanakk og matboks.
Men ja, etter den lange turen sov eg i to dagar. GJESP! Det er lengje til eg skal reise nokon stad att.... HELDIGVIS var den lange reisa totally worth it! Eg DIGGAR den nye heimen min, skottetiss luktar så sjukt godt og eg har ein million gatehjørner å sniffe på rundt her me bur. Og så får eg springe fritt ganske mange stader i nærleiken av huset vårt. Det er cool. 


Her er eg på tur i nærleiken av der me bur (rim intended).
 Eg hadde jo to kjærastar der eg budde før (Kasper og Robin), men eg har ein del beilarar her òg, så eg klarer meg heilt fint. Mellom anna har eg vorte ven med Nacho, ein liten terrier. Eg diggar han mest på grunn av namnet, sjølvsagt :D



Mamma sa at eg var skatten i enden av regnbogen. Eg aner ikkje kva ho prata om, men det er jo eit ganske fint bilete av meg.

Her er eg på tur oppe ved Salisbury Crags. Oh yeah. Med alle dei bakkane eg går i kvar dag, har eg berre éin ting å seie: SOMMARKROPPEN 2015!
Ok, det var det for denne gong. Eg er så innmari trøytt, var ute i stiv kuling og sprang tidlegare i dag, og etter det har eg jakta regndropar på badet (det kjem alltid regndropar der når nokon dusjar, nice!), så trur eg skal ta meg ein kvil. Ha ein god søndagskveld, kjære lesarar <3 <3